Nærkamp Seminar Ninjutsu- Tema: Kihon Happõ

Kva er Kihon Happõ?

Kihon Happõ betyr “dei fundamentale åtte metodar”, og består kort fortalt av 3 slag- og sparketeknikkar, og 5 grep- og kasteteknikkar. Dei utgjer til saman fundamentet av Ninjutsu, og er i hovedsak frå ein stilart ved navn Gyokko Ryu Kosshijutsu. Ved å trene og forstå Kihon Happõ vil du oppnå det aller beste og heilt nødvendige grunnlaget for vidare studiar av den tradisjonelle og ekte Kampkunsten. Kihon Happõ er akkurat like aktuelt i dagens samfunn som det var for Ninja, Samurai og Bushi i føydaltidens Japan. Den tradisjonelle kampkunst er utvikla for overlevelse, nærkamp og sjølvforsvar, ikkje som ein sport; det er ein essensiell skilnad på dette.

Typisk eksempel på type undervisning på seminaret

Her er eksempel på ein av dei åtte Kihon Happõ brukt i praksis

Tema for kurset blir i hovedsak som følger:

  • Lære grunnleggande fallteknikk som vil vere viktig under trening og komme svært godt med dersom du blir utsatt for ein reell konfrontasjon i det virkelige liv
  • Lære dei viktigaste prinsipp for å unngå at fysiske konfrontasjonar i det heile dukkar opp; mental og fysisk holdning er av den største betydning
  • Gjennomgang av ‘Kihon Happõ’- dei 8 fundamentale teknikkar i Ninjutsu/Tatsujinkan Bujutsu; med både tradisjonell og moderne tilnærming
  • Gjennomgang av prinsipp for å forstå viktigheiten av korrekt avstand, balanse og timing

Instruktør Gard Ryum har over 30 års erfaring frå diverse kamptrening, med hovedvekt på Ninjutsu, men også blant anna frå greiner som Combat Sambo, Combat Wrestling og tradisjonell bryting.

Nye kurs vil bli satt opp i nær framtid for den som vil utvide ferdigheitane sine, og det finns også mulegheit for å begynna å trene på regulær basis. Ingen blir ein utlært “fighter” etter 8 timars trening, men du går garantert derifrå med ein heilt annan forståelse for ekte kampkunst, nærkamp og sjølvforsvar enn du får av å kikke på bla. UFC.

Les meir om Ninjutsu og Tatsujinkan Bujutsu her.


Ta med treningsklær og eventuelt gymsokkar (barfot/vanlige sokkar fungerar fint). Alt anna utstyr finns på staden.

Tid: Laurdag 25.03 kl. 10-14 & Søndag 26.03 kl. 10-14

Stad: Nygårdslien Skole, gymsal. Adresse: Nygårdslien 5, 5164 Laksevåg

Ring 99725777 for påmelding/info, eller send ein melding gjennom kontaktskjemaet her

Pris: 1590,-

Velkommen!

en_GBEnglish (UK)
search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close